1 Hovudtrekk i statsrekneskapen
Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2015.
Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2014 til 2015 og overført løyving frå 2015 til 2016. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.
Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2015 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 34 S (2015–2016) Ny saldering av statsbudsjettet 2015.
I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.
1.1 Hovudtal1
Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2015 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 1 634,9 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 539,6 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 95,3 mrd. Dette er postert på kapittel 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 634,9 mrd. kroner.
Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2015
Utgifter (mill. kroner) | Samla | Sum utan overføring SPU | Utan petroleum og overføring SPU | Kontantstraum petroleum | Overføring SPU |
---|---|---|---|---|---|
Driftsutgifter (01–29) | 167 382 | 167 382 | 167 382 | 0 | – |
Investeringar (30–49) | 74 922 | 74 922 | 45 967 | 28 955 | – |
Overføringar (50–89) | 1 170 417 | 952 161 | 952 161 | – | 218 256 |
Sum utgifter utan lånetransaksjonar | 1 412 721 | 1 194 464 | 1 165 509 | 28 955 | 218 256 |
Lånetransaksjonar (post 90–99) | 222 159 | 222 159 | 222 159 | – | – |
Sum utgifter med lånetransaksjonar | 1 634 880 | 1 416 623 | 1 387 668 | 28 955 | 218 256 |
Inntekter (mill. kroner) | |||||
Sal av varer og tenester (01–29) | 116 770 | 116 770 | 22 916 | 93 855 | – |
Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (30–49) | 26 898 | 26 898 | 3 172 | 23 726 | – |
Skattar, avgifter og andre overføringar (50–89) | 1 269 803 | 1 083 740 | 954 109 | 129 631 | 186 063 |
Sum inntekter utan lånetransaksjonar | 1 413 472 | 1 227 409 | 980 197 | 247 212 | 186 063 |
Tilbakebetalingar (90–99) | 126 087 | 126 087 | 126 087 | – | – |
Sum inntekter før statslånemidlar | 1 539 559 | 1 353 496 | 1 106 284 | 247 212 | 186 063 |
Netto post 01–89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar) | -751 | -32 945 | 185 312 | -218 256 | 32 193 |
+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99), utgifter og inntekter | 96 072 | 96 072 | 96 072 | – | – |
= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar) | 95 321 | ||||
Sum inntekter med lånetransaksjonar | 1 634 880 |
Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2015 med 1 047,0 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen og eigenkapitalen går opp som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin minkar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.
Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)
2015 | 2014 | Endring | |
---|---|---|---|
Sum eigedelar | 8 844 394 | 7 768 690 | 1 075 704 |
Sum gjeld | 664 163 | 635 470 | 28 693 |
Avslutningskonto (eigenkapital) | 8 180 231 | 7 133 220 | 1 047 011 |
Endring i eigenkapitalen: | |||
Auka verdi Statens pensjonsfond | 1 042 953 | ||
Overskot før lånetransaksjonar i balansen | 751 | ||
Redusert avsetjing av overførte midlar | 1 796 | ||
Anna endring i eigenkapitalen | 1 511 |
Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysaldert budsjett.
Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2015 vart 185,3 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit overskot på 0,8 mrd. kroner.
Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap.
Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)
SPU | SPN | Samla | |
---|---|---|---|
Netto kontantstraum | 218,3 | 218,3 | |
– Overført statsbudsjettet | 186,1 | 186,1 | |
Renter og utbyte | 185,0 | 7,0 | 192,0 |
Overskot | 217,2 | 7,0 | 224,2 |
Kapital per 31.12.2014 | 6 430,6 | 185,7 | 6 616,3 |
Overskot | 217,2 | 7,0 | 224,2 |
Valutakursregulering | 668,1 | - | 668,1 |
Realiserte/urealiserte vinstar/tap | 144,8 | 5,8 | 150,6 |
Kapital per 31.12.2015 | 7 460,8 | 198,4 | 7 659,2 |
Endra verdi fondskapital | 1 030,2 | 12,8 | 1 043,0 |
Overskotet i Statens pensjonsfond vart 224,2 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 225,0 mrd. kroner i 2015.
1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet
Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.
Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2015 er bruken av petroleumsinntekter i 2015 no rekna til 167,2 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 3,6 mrd. kroner meir enn i Saldert budsjett 2015, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 163,7 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2015 er rekna til 257,2 mrd. kroner, eller 90,0 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 6,4 prosent av no anslått trend-BNP for Fastlands-Noreg i 2015 og til 2,6 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2015.
I Revidert nasjonalbudsjett 2015 vart anslaget på det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett opp med 5,1 mrd. kroner, til 168,8 mrd. kroner. Dei strukturelle skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 11,3 mrd. kroner, medan budsjettet vart styrkt med netto 6,2 mrd. kroner på andre postar. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2015 til nysaldert budsjett 2015 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 0,4 mrd. kroner, til 168,4 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til å vere 1,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.
Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet
Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føre til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke i ein konjunkturnedgang og minke i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setje ned skattane eller auke utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auke etterspurnaden i gode tider og dempe han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk effekt.
For å kome frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:
Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.
Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.
Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.
Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta.
1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet
Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2014 og 2015.
1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2014 til 2015
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond minka med 86,8 mrd. kroner, frå 311,7 mrd. kroner i 2014 til 225,0 mrd. kroner i 2015. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar auka med 4,6 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond minka med 91,4 mrd. kroner. Ei viktig årsak er at den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda vart 93,4 mrd. kroner lågare enn i rekneskapen for 2014. Det oljekorrigerte underskotet auka med 25,3 mrd. kroner frå 2014 til 2015.
Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2015 (tal i mill. kroner)
Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Nysaldert budsjett 2015 | Rekneskap 2015 | ||
---|---|---|---|---|---|
1. | Statsbudsjettet | ||||
A | Inntekter i alt | 1 278 757 | 1 331 514 | 1 235 164 | 1 227 409 |
A.1 | Inntekter frå petroleumsverksemda | 347 039 | 341 955 | 257 682 | 247 212 |
A.2 | Inntekter utanom petroleumsverksemda | 931 719 | 989 559 | 977 482 | 980 197 |
B | Utgifter i alt | 1 127 099 | 1 201 784 | 1 192 545 | 1 194 464 |
B.1 | Utgifter til petroleumsverksemda | 35 372 | 38 000 | 29 000 | 28 955 |
B.2 | Utgifter utanom petroleumsverksemda | 1 091 727 | 1 163 784 | 1 163 545 | 1 165 509 |
Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2) | -160 008 | -174 225 | -186 063 | -185 312 | |
+ | Overført frå Statens pensjonsfond utland | 156 164 | 174 225 | 186 063 | 186 063 |
= | Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1) | -3 844 | 0 | 0 | 751 |
2. | Statens pensjonsfond | ||||
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1–B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland | 311 667 | 303 955 | 228 682 | 218 256 | |
– | Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet | 156 164 | 174 225 | 186 063 | 186 063 |
+ | Renteinntekter og utbyte i fondet2) | 160 084 | 178 300 | 192 900 | 192 008 |
= | Overskot i Statens pensjonsfond1) | 315 586 | 308 030 | 235 519 | 224 201 |
3. | Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond | ||||
Samla overskot1) | 311 743 | 308 030 | 235 519 | 224 953 |
1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.
2) For 2015 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 185,029 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 6,979 mrd. kroner. For 2014 var renter og utbyte i SPU 152,634 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,450 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond i 2015 vart 224,2 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 217,2 mrd. kroner, medan det i 2014 var 308,1 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.
Kjelde: Finansdepartementet
1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2
Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2015 vart 96,4 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 9,2 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene knapt 12,1 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 0,2 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 186,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2015, som er 11,8 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.
Auken i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett på 11,8 mrd. kroner kjem av 28,4 mrd. kroner i lågare skatte- og avgiftsinntekter. Rente- og utbyteinntektene auka med knapt 1,8 mrd. kroner, overføringa frå Noregs Bank auka med 7,4 mrd. kroner, tilbakeføring av driftskreditt frå helseføretaka auka med 4,1 mrd. kroner, medan andre inntekter under departementa auka med 3,0 mrd. kroner. Utgiftene vart 0,2 mrd. kroner lågare. Renteutgiftene vart 1,7 mrd. kroner lågare, medan andre utgifter netto vart om lag 1,5 mrd. kroner høgare, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.
Budsjettutviklinga gjennom 2015 fram til nysalderinga er omtalt nærare i Prop. 34 S (2015–2016) Ny saldering av statsbudsjettet 2015.
1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga
I statsrekneskapen for 2015 er det oljekorrigerte underskotet 185,3 mrd. kroner. Dette er 0,8 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 11,1 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis 0,0 prosent og 0,4 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2015 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.
Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2015 gjord opp med eit overskot på 0,8 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 2,7 mrd. kroner, frå 977,5 mrd. kroner til 980,2 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 2,0 mrd. kroner, frå 1 163,5 mrd. kroner til 1 165,5 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar.
Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga
Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner): | ||
Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg | -978 | |
+ | Renteinntekter og utbyte utan Statoil | 33 |
+ | Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter | 378 |
+ | Valutainntekter under eksportkredittordninga | 1 279 |
+ | Andre inntekter | 723 |
= | Auka inntekter utan standardrefusjonar og meirinntekter | 1 435 |
+ | Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter | 1 281 |
= | Samla endring, inntekter | 2 715 |
Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga
Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner): | ||
Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap 1632 | 254 | |
+ | Nettoordning statleg betalt MVA, kap 1633 | 126 |
+ | Renteutgifter, statsgjeld, kap 1650, post 89 | 101 |
+ | Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530–2790 | -183 |
+ | Klima og skogsatsinga, fornybar energi, klimakvotar (kap 0166, 1481 og 1482) | 205 |
+ | Bustad og bumiljøtiltak, kap 0581 | -216 |
+ | Arbeids- og velferdsetaten, kap 0604 og 0605 | 314 |
+ | Nasjonalt folkehelseinstitutt, kap 0710 | 227 |
+ | Busetting og norskopplæring av innvandrarar, kap 0821–0822 | -204 |
+ | Tiltak for barn og ungdom, kap 0850–0859 | -345 |
+ | Diverse fiskeriføremål, tilskot til kommunar, kap. 0919, post 60 | -465 |
+ | Statens vegvesen, kap 1320 | -504 |
+ | Jernbaneverket, kap 1350 | -806 |
+ | Kjøp av persontransport med tog, kap. 1351 | -167 |
+ | Kjøp av materiell mm under forsvaret, kap 1760, 1761 | 1 856 |
+ | Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410 | 220 |
+ | Innovasjon Noreg, kap. 2421 | 522 |
+ | Forsking og kompetanseheving, kap. 0165 | 146 |
+ | Kystverket, kap. 1360 | -146 |
+ | Overføring til Energifondet, kap. 1825 | 141 |
+ | Andre utgifter, netto | 890 |
= | Samla endring, utgifter | 1 964 |
Medrekna i desse tala er standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i nysaldert budsjett. Frå 2015 er desse førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen og utgjorde om lag 2,5 mrd. kroner3. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga.
Overførte, unytta løyvingar frå 2015 til 2016 vart 1,8 mrd. kroner lågare enn overføringane frå 2014 til 2015, noko som medverkar til høgare utgifter i rekneskapen. Auka materiellinnkjøp i forsvaret kan forklare 1,7 mrd. kroner av nedgangen i overførte, unytta løyvingar.
Departementa har rapportert 1,3 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Nokre departement har høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. I andre inntekter inngår om lag 0,9 mrd. kroner i inntekter frå auksjon på frekvensressursar, medan andre inntekter under departementa vart 0,2 mrd. kroner mindre enn budsjettert.
Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga
Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogeleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.
Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.
Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.
Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre vise at stabilisatorane har verka slik dei skulle.
For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogeleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid. Anslaga for strukturell budsjettbalanse i Noreg har vist seg å treffe betre enn i mange andre land, jf. boks 3.4 i Nasjonalbudsjettet 2015.
Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta. Til dømes vart underskotet i 2010 monaleg mindre enn i budsjettframlegget fordi verknaden av finanskrisa vart mindre enn frykta.
Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta. Den finanspolitiske tiltakspakka mot finanskrisa i 2009 er eit døme på dette.
Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.
Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1985 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,4 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1985 til 2015. Budsjett og rekneskap
1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet berekna, ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB si revisjon i 2015.
Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.
Spesifiserte endringar i utgiftene og andre netto endringar i utgiftene på 0,9 mrd. kroner må sjåast i samanhengen med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, og anna endring i overført, unytta løyving.
Overført, unytta løyving til 2016
Frå 2014 til 2015 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 12,4 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2015 til 2016 er på 10,6 mrd. kroner. Det er ein nedgang på knapt 1,8 mrd. kroner.
Det er særleg Forsvarsdepartementet (1,7 mrd. kroner) som har ein stor nedgang og Samferdselsdepartementet (1,8) som har ein stor auke i overførte løyvingar. Dei andre departementa har ei samla nedgang i overførte løyvingar på knapt 2 mrd. kroner som gjeld Nærings- og fiskeridepartementet inkl. Innovasjon Noreg (0,5 mrd. kroner), Klima- og miljødepartementet (0,3 mrd. kroner), Arbeids- og sosialdepartementet (0,5 mrd. kroner) og Utanriksdepartementet (0,7 mrd. kroner). Hovudgrunnar er materiellkjøp i Forsvaret og Statens vegvesen og Jernbaneverket under Samferdselsdepartementet. Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.
Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)
År | Overført løyving | Auke/nedgang (-) frå året før |
---|---|---|
2011–2012 | 11 143 | 311 |
2012–2013 | 13 481 | 2 338 |
2013–2014 | 14 247 | 766 |
2014–2015 | 12 366 | -1 881 |
2015–2016 | 10 570 | -1 796 |
1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet
Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.
Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst
År | Årleg vekst i prosent |
---|---|
2006 | 0,9 |
2007 | 2,0 |
2008 | 2,2 |
2009 | 5,5 |
2010 | 0,9 |
2011 | 1,6 |
2012 | 1,9 |
2013 | 2,3 |
2014 | 3,1 |
2015 | 2,8 |
I Nasjonalbudsjettet 2015 var den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,3 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart han rekna til 2,8 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2015 er veksten rekna til 2,8 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.
1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov
Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2014 har finansieringsbehovet auka med 113,7 mrd. kroner, frå -18,3 mrd. kroner i 2014 til 95,3 mrd. kroner i 2015. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 13,4 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 89,0 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar betra seg med 4,6 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 71,0 mrd. kroner høgare enn i 2014. Auka lånebehov må òg sjåast i samanheng med at kapitalen på 100 mrd. kroner i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond vart tilbakeført i 2014 og teknisk ført som ei tilbakebetaling til statskassa. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 42,7 mrd. kroner i 2015 samanlikna med 2014. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.
Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2015 (tal i mill. kroner)
Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Nysaldert budsjett 2015 | Rekneskap 2015 | ||
---|---|---|---|---|---|
Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda | |||||
Utlån, aksjeteikning m.m. | 175 649 | 174 779 | 165 734 | 162 240 | |
– | Tilbakebetalingar | 215 040 | 103 243 | 124 229 | 126 087 |
– | Overskot i statsbudsjettet | -3 844 | 0 | 0 | 751 |
= | Netto finansieringsbehov | -35 547 | 71 536 | 41 505 | 35 402 |
+ | Gjeldsavdrag | 17 206 | 61 419 | 61 419 | 59 919 |
= | Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet | -18 341 | 132 955 | 102 924 | 95 321 |
Kjelde: Finansdepartementet.
Utgiftene til utlån vart om lag 3,5 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.
Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614 | -556 |
Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410 | 110 |
Husbanken , kap. 2412 | -615 |
Innovasjon Noreg, kap. 2421 | -295 |
Eksportfinansieringsordninga, kap. 2429 | -2 137 |
Andre utlån, netto | 0 |
Samla endring utlån | -3 494 |
Mindreutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 6,6 prosent av løyvinga, og meirutgiftene under Lånekassa svarar til 0,5 prosent av løyvinga. Mindreutgiftene på lån frå Husbanken svarar til 3,5 prosent av løyvinga, medan mindreutgiften utgjer 0,7 og 10,7 prosent for høvesvis Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga.
Tilbakebetalingane vart 1,9 mrd. kroner høgare enn det var venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.
Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310 | 306 |
Husbanken, kap. 5312 | 793 |
Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614 | 1 846 |
Innovasjon Noreg, kap. 5325 | -365 |
Eksportfinansieringsordninga, kap. 5329 | -702 |
Andre låntakarar, netto | -21 |
Samla endring i tilbakebetalingane | 1 858 |
Netto utlån vart dermed 5,4 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på knapt 0,8 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 6,1 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.
Ved ein feil vart ikkje budsjettet for avdrag på statsgjelda justert ned i nysalderinga. Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2015 vart difor 1,5 mrd. kroner lågare enn budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed 7,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2015.
Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond som infrastrukturfondet. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det vart i 2015 overført 40 mrd. kroner i kapital til infrastrukturfondet og 9,3 mrd. kroner til klimafondet. Fullmakt til å ta opp statslån i 2015 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.
1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg
Statsrekneskapen for 2015 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 892,6 mrd. kroner i 2015, ein auke på 24,4 mrd. kroner eller 2,8 prosent frå året før.
I statsrekneskapen for 2015 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene om lag 29,4 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2015 vart anslaget sett ned 20,0 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2015-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg sett ned med endå 8,4 mrd. kroner, i hovudsak på grunn av lågare skattar frå føretak. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen om lag 1,0 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.
Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 892,6 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2015 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna arveavgifta 238,3 mrd. kroner. Dette var 1,1 prosent lågare enn i 2014. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 299,4 mrd. kroner i 2015, ein auke på 5,5 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 4,0 prosent, til 252,2 mrd. kroner i 2015. Frå 2014 til 2015 auka andre særavgifter og tollinntekter med 1,8 prosent, frå 100,8 mrd. kroner til 102,6 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.
1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland
Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 29,0 mrd. kroner i 2015. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 110,2 mrd. kroner i 2015. Inntektene frå SDØE vart 121,7 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2015 vart 15,4 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 247,2 mrd. kroner i 2015, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 218,3 mrd. kroner. Det er 85,7 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og 10,4 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.12.
Tabell 1.12 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)
Reduserte petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift | -4 743 | |
+ | reduserte inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Statoil ASA | -5 727 |
+ | reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd | 45 |
= | Netto endring i petroleumsinntekter | -10 426 |
Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2015 vart 32,2 mrd. kroner. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.
Fotnotar
I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.
Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2015.
2,3 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan. I tillegg har forsvaret som ikkje nytta standard kontoplan for 2015, opplyst at dei hadde 0,2 mrd. kroner i refusjonar.