Internasjonalt arbeid mot dødsstraff
Artikkel | Sist oppdatert: 11.12.2023 | Utanriksdepartementet
Retten til liv og respekten for individets verdigheit og integritet er føresetnader for menneskerettane og berande prinsipp i eit rettssamfunn. Dødsstraff bryt med desse prinsippa og er i seg sjølv inhumant.
Arbeidet mot dødsstraff er ein integrert del av menneskerettspolitikken til regjeringa. Utanriksdepartementet jobbar mot dødsstraff med eit breitt sett av verkemiddel, i internasjonale og regionale organisasjonar og direkte overfor enkeltland.
I landa der dødsstraff framleis blir praktisert, oppmodar Noreg til omgåande stans i avrettingar og at dødsstraff blir avskaffa ved lov og i praksis. Noreg insisterer òg på at internasjonale minimumsstandardar må følgjast og oppmodar til auka openheit og informasjonstilgang der dødsstraff blir nytta, for å styrkje rettstryggleiken i landet. Sjølv om folkeretten i form av sedvane ikkje forbyr dødsstraff, legg den sterke avgrensingar for statane.
Dødsstraff fullbyrda på ein inhuman måte, og avrettingar av mindreårige, gravide og strafferettsleg utilreknelege personar, er klare brot på folkeretten. Dette gjeld òg tilfelle der personar blir dømde til døden etter rettsprosessar som ikkje følgjer grunnleggjande rettstryggingskrav, og når dødsstraff blir nytta for andre handlingar enn dei som blir rekna som dei mest alvorlege brotsverka. Ved kjennskap til slike saker, markerer Noreg sitt syn overfor ansvarlege styresmakter i landet, anten åleine eller saman med EU og andre likesinna. Landa som nyttar dødsstraff hyppigast i dag er Kina, Iran, Saudi-Arabia og Egypt. Fleire stader i verda blir utsett dødsdømde innsette for inhuman behandling ved å vente i uvisse på «death row» i mange år. Stadig blir menneske avretta som seinare har vist seg å vere uskuldige. I tillegg til å bryte med menneskerettane og rettstryggleiken til enkeltpersonar i visse tilfelle, viser òg erfaringar at dødsstraff ikkje har ein avskrekkande effekt på kriminalitet i samfunnet.
Ved å slutte seg til følgjande folkerettsinstrument forpliktar statar seg til å avskaffe dødsstraff i alle situasjonar: Andre tilleggsprotokoll i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Medlemskap i Europarådet føreset avskaffing dødsstraff.
Den globale trenden går i retning av avskaffing av dødsstraff. Då FN blei oppretta i 1945, hadde berre åtte statar avskaffa dødsstraff for alle typar brotsverk. I 1977 hadde talet stige til 16, og i dag har rundt 170 av FNs 193 medlemsland avskaffa dødsstraff anten ved lov eller i praksis, ifølgje FNs høgkommissær for menneskerettar.
Dette blir òg spegla i FN. Saman med ein brei allianse av land har Noreg lykkast med å sikre høg og aukande oppslutning om FN-resolusjonen som oppmodar alle statar til å innføre stans (moratorium) bruken av dødsstraff som eit steg mot full avskaffing. I tillegg til arbeidet vårt i FN og overfor enkeltland, samarbeider og støttar Noreg NGO-ar og menneskerettsforkjemparar som jobbar langsiktig mot dødsstraff i fleire regionar.
Som ledd i den internasjonale innsatsen til Noreg mot dødsstraff deltek Noreg på Verdskongressen mot dødsstraff, som blir arrangert kvart tredje år. Under slike kongressar finn statar, FN, sivilsamfunnsorganisasjonar, fagmiljø og engasjerte enkeltpersonar saman og deler erfaringane sine, kunnskap, nettverk og påverknadsmoglegheiter. Dette bidreg til å mobilisere støtte - òg i land som ikkje har avskaffa dødsstraff.
Rettleiar for arbeid mot dødsstraff
Prioriterte innsatsar:
- Arbeid for at alle land avskaffar dødsstraff ved lov eller innfører stans i avrettingar, og sluttar seg til andre tilleggsprotokoll til Konvensjonen om sivile og politiske rettar (OP2), som forbyr bruk av dødsstraff
- Arbeide for at land som ikkje har avskaffa dødsstraff i lovverket innfører moratorium (stans i avrettingar) som første steg mot full avskaffing, og sluttar seg til FNs resolusjon om moratorium på dødsstraff
- Oppfordre statar som har bevart ein heimel for dødsstraff i lovverket, men som ikkje praktiserer straffemetoden, endrar føresegnene i lovverket og ikkje gjeninnfører dødsstraff
- Støtte og følgje opp arbeidet til sivilsamfunnet mot dødsstraff på landsnivå i ulike regionar
- Fremme etiske, juridiske og empiriske argument for å avskaffe dødsstraff
- Rettleier for arbeidet mot dødsstraff