test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Skog: Treng fleire juletreprodusentar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Skog: Rogaland produserer om lag 200 000 juletre per år. Marknaden etterspør meir, uttaler Terje Pundsnes i Norsk Pyntegrønt Forsøksring. Særleg treng vi fleire større produsentar, meinar han.

Skog: Rogaland produserer om lag 200 000 juletre per år. Marknaden etterspør meir, uttaler Terje Pundsnes i Norsk Pyntegrønt Forsøksring. Særleg treng vi fleire større produsentar, meinar han.

Dette kom fram då Pundnes orienterte om juletre- og pyntegrøntproduksjon for Rogaland Fylkeslandbruksstyret nyleg.  Rogaland har særleg gode klimatilhøve for lønsam juletreproduksjon. Fylket har dyktige produsentar og vi har areal for miljøvenleg produksjon. I dag vert det eksportert omlag 70 000 juletre frå Noreg og 45 000 av desse kjem frå Rogaland. Men potensiale for auka produksjon er godt. Juletreproduksjon er ein arbeidsintensiv produksjon. Ein kan rekne med at 100-200 dekar med juletre gir sysselsetjing for eit årsverk noko som svarer til omlag 5-10 000 tre per produsent årleg.

Skog: Rogaland produserer om lag 200 000 juletre per år. Marknaden etterspør meir, uttaler Terje Pundsnes i Norsk Pyntegrønt Forsøksring.