test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Landbruk: No e da min tur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Det har vore så stor pågang til konferansen at arrangørane har stengt for fleire påmeldingar. Interessa frå unge i Hordaland for å vite meir om kva dei kan gjere i landbruket, viser seg å vere svært stor.

Konferansen "No e' da min tur! - ei framtid på bygda og i landbruket" finn stad den 23. og 24. januar i Øystese. Målgruppa for konferansen er unge som sit på odel til landbrukseigedomar, unge vaksne som nyleg har overteke gardsbruk  og andre unge med interesse for bygda og landbruket.  I tillegg er representantar frå forvaltninga, bygdelag og organisasjonar med særleg ansvar for landbruk, bygdemobilisering og ungdomstiltak naturlege deltakarar. 

Det er no  160 påmelde til konferansen. 105 av dei er under 30 år. Plassproblema har gjort at Hardangerfjord hotell i Øystese har gjort avtale om å leige Kabuso til konferansesal.

Den store pågangen viser at vi med denne konferansen har råka eit segment av folk i Hordaland med stor interesse for landbruket og kan sjå ei god framtid for hordalandslandbruket.