test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Russarane ynskjer meir norsk laks

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Russiske styresmakter viser stor vilje til å finne løysingar, og gir uttrykk for at dei ynskjer fleire norske fiskeeksportørar velkomen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen etter møte med viselandbruksminister Igor Manilov i Moskva.

- Russiske styresmakter viser stor vilje til å finne løysingar, og gir uttrykk for at dei ynskjer fleire norske fiskeeksportørar velkomen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen etter møte med viselandbruksminister Igor Manilov i Moskva.

Statsråden var i Moskva i samband med matmessa World Food Exhibition, og under besøket opna russiske veterinærstyresmakter for at to norske lakseselskap igjen får eksportere fersk laks til Russland.
I dei politiske samtalane var marknadsadgong for norske eksportørar eit sentralt tema. Russland er den største enkeltmarknaden for norsk laks og det blir ete fire millionar norske sjømatmåltid i Russland kvar dag. 

- Eg er oppteken av å støtte opp under norske næringslivsinteresser. Eit hovudmål med besøket har vore å fremje Noreg som ein attraktiv samarbeids- og handelspartnar, og derfor er eg svært glad over dei positive signala vi har fått.  Dette lovar godt for vidare samarbeid med Russland, seier statsråden.
Samarbeid om teknologi, ikkje minst innanfor akvakultur, var tema under møtet statsråden hadde med leiaren for det russiske fiskeribyrået, Andrej Krajnij.

- Eg har stor tru på at vi skal greie å lyfte ein ny, stor leverandørindustri i Noreg. På same måte som vi har bygd opp ein global leverandørindustri innan offshore, kan vi byggje ein like stor industri innan oppdrett. Russland har ekspansive planar for oppdrettsnæringa si, og det er stor interesse for kunnskapen vår i Russland.

 


Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og leiaren for det russiske fiskeribyrået Andrej Krajnij diskuterte moglegheitene for teknologisamarbeid innan oppdrett. 

Første viselandbruksminister Igor Manilov gav sin norske kollega forsikringar om at han vil leggje til rette for økt import av norsk laks.

Administrerande direktør Carl-Erik Arnesen og eig Ola Braanaas i lakseeksportøren Martin E. Birknes gleder seg saman med statsråden over at dei igjen får importere fersk laks til Russland.