test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Merknader til forskrift om særskilte tiltak for havbruk i enkelte område

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet fastsette 13. oktober 2009 ei forskrift som gjeld innanfor dei områda som det er gjort framlegg om å unnta frå kapasitetsauken i lakseoppdrett i 2010. Forskrifta inneheld strengare reglar for å etablere eller utvide lokalitetsbiomassen og å gje melding om samlokalisering inn i området.

Vi har fått tilbakemeldingar frå både forvaltninga og næringsutøvarar om at forskriftsteksten er noko vanskeleg tilgjengeleg. På bakgrunn av dette, og for å medverke til einsarta forvaltning og føreseielege forhold for havbruksnæringa, har Fiskeri- og kystdepartementet utforma merknader til føresegnene.

Merknadene gjev rettleiing om korleis ein skal forstå forskriftsteksten, men inneheld ingen materielle reglar.

I tillegg er det teke inn ei overgangsføresegn i forskrifta § 4. Overgangsføresegna inneber at søknader som er komne til Fiskeridirektoratet til og med 13. oktober (ikrafttredingsdatoen) skal behandlast etter det gamle regelverket.  Reelt sett inneber det at terskelen for å gje løyve innanfor områda er noko lågare fordi det, i motsetning til søknader som er mottekne etter 13. oktober 2009, ikkje er krav om at tiltaket bidreg til å gjere berekraftsituasjonen i området betre.  Det betyr likevel ikkje at søknader som kan bidra til å forringe miljøforholda i unntaksområda skal imøtekommast, fordi all havbruksverksemd som blir etablert skal vere miljømessig forsvarleg og søknadene skal behandlast på bakgrunn av den kunnskapen styresmaktene har på vedtakstidspunktet.