test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Meir forsking på makrell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Havforskningsinstituttet med 7,9 millionar kroner for å styrkje forskinga på makrell.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Havforskningsinstituttet med 7,9 millionar kroner for å styrkje forskinga på makrell.

- Makrell er ein av dei mest verdifulle bestandane vi har. Eg er svært fornøgd med at vi no kan auke forskingsinnsatsen på makrell, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

På grunn av endringar i makrellen sitt vandringsmønster dei siste åra, blir det no forhandla om ei ny kvotefordeling mellom Noreg og EU på den eine sida, og Island og Færøyane på den andre. Forhandlingane har vart i fleire år og er svært krevjande.

- Det er behov for betre kunnskap om endringar i vandringsmønster og førekomstar av makrell i norske farvatn. Med ein ekstraordinær forskingsinnsats kan vi no skaffe oss god og påliteleg informasjon om dette. Auka kunnskap vil kunne vere eit viktig bidrag for å kome til semje om ny kvotefordeling, og sikre ei berekraftig forvaltning, seier statsråden.