test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Forsøk med 6 timars arbeidsdag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 52/05
Dato: 10.11.2005

Kontaktperson:

Informasjonssjef Jan-Egil Nyland, tlf. 916 91 014

Forsøk med 6 timars arbeidsdag

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil bruke 10 mill. kroner til å førebu forsøk med 6-timars arbeidsdag i 2006. – Dette er ei oppfølging av regjeringas politiske plattform frå Soria Moria, seier statsråd Heidi Grande Røys.

Midlane vil bli nytta til å førebu forsøks- og forskingsverksemd med 6 timars arbeidsdag i statlege verksemder. Det vil bli teke initiativ blant anna til forsking for å kunne klargjere dei makroøkonomiske konsekvensane av ein eventuell reduksjon i normalarbeidstida. Desse utgreiingane vil byggje på røynsle med arbeidstidsforkortingar frå Noreg og andre land.

Forsøket skal bl.a. vurdere verknadene av redusert arbeidstid i forhold til målet om eit inkluderande arbeidsliv, med rom for fleire i arbeidslivet og nedgang i sjukefråværet som viktige delmål. Forsøket skal også vurderast ut frå om kortare arbeidstid fører til auka trivsel og produktivitet og betrar utsiktene til å stå i jobb fram til pensjonsalderen. Kostnadene for arbeidsgivar vil også bli tekne med i vurderinga.

– Nærare planlegging av forsøket vil skje i samarbeid med partane i arbeidslivet, seier statsråd Grande Røys.