Stabil arbeidsløyse i desember
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 150 | Dato: 17.12.2009
– Situasjonen på arbeidsmarknaden er mykje betre enn vi såg for oss i starten av 2009. Innsatsen frå regjeringane i Noreg og andre land har dempa verknaden av finanskrisa. Eg er glad for at Noreg kan gå inn i 2010 utan høgare arbeidsløyse, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud i ein kommentar til Navs hovudtal om arbeidsmarknaden for desember.

I 2009 var den gjennomsnittlege arbeidsløysa på 70 000 personar. Ein kraftig auke i arbeidsløysa fann stad i perioden oktober 2008 til april 2009. Dei siste åtte månadene av 2009 har auken i den registrerte arbeidsløysa vore moderat.
Arbeidsløysa i desember var 69 900 (2,7 %), ein sesongjustert auke på 200 frå november. Dei ordinære tiltaka har auka monaleg gjennom 2009, og i desember deltok 20 800 personar på tiltak.