Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widveys kalender for veke 16
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 14.04.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 49/05
Dato: 14.04.05
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widveys kalender for veke 16
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 19. april
Statsråden deltek på NHOs årsmiddag på SAS Scandinavia
Hotel i Oslo kl. 19.
Onsdag 20 . april
Kl. 0830-1100 besøkjer statsråden IFE (Institutt for
energiteknikk) på Kjeller. Instituttet er eit internasjonalt
forskingsinstitutt for energi- og nukleærteknologi. Statsråden vil
her få ei orientering om verksemda til IFE samt ei omvising i
laboratoria.
Pressekontakt: Sissel Edvardsen, 901 97 382.
Torsdag 21. april
Statsråden deltek på The 6th Oil and Gas Summit i Paris.
Widvey skal her halde eit innlegg med tema industrien og
styresmaktene si rolle når det gjeld dei høge oljeprisane og
behovet for auka investeringar og produksjonskapasitet.
Sjå
www.oil-gas-conferences.com
for program.
Pressekontakt: Sissel Edvardsen, +47 901 97 382