Staten utøver ikkje forkjøpsretten i Ormen Lange-feltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 02.12.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
- Ut frå ei totalvurdering, har eg bestemt at staten ikkje skal bruke sin forkjøpsrett i Ormen Lange-feltet. Eg ser dette som ei viktig sak for mange partar og har derfor lagt vekt på å få ei rask avklaring, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey. (02.12.2004)
Pressemelding
Nr.: 137/04
Dato: 02.12.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Staten utøver ikkje forkjøpsretten i Ormen Lange-feltet
- Ut frå ei totalvurdering, har eg bestemt at staten ikkje skal bruke sin forkjøpsrett i Ormen Lange-feltet. Eg ser dette som ei viktig sak for mange partar og har derfor lagt vekt på å få ei rask avklaring, seier olje- og energiminister Thorhild Widvey.
23. november 2004 underretta BP Norge AS Olje- og energidepartementet om at selskapet hadde inngått ei salsavtale med selskapet Dansk olie og naturgas (DONG). Avtala inneber at DONG kjøper BP sine eigardelar i Ormen Lange-feltet og dei korresponderande eigardelane i Langeled for til saman 1,2 milliardar dollar.
Staten har forkjøpsrett til eigardelane i feltet.
DONG vart prekvalifisert som rettshavar på norsk kontinentalsokkel i 1999. Året etter vart DONG prekvalifisert som operatør. Selskapet har blitt tildelt eigardelar i alle konsesjonsrundar sidan 2001.