test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 125/04
Dato: 28.10.2004

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 45

Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widvey sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 2. november
Kl 10.45 møter statsråden Madagaskar sin energiminister, Jacquis Rabarison. Dei to ministrane kjem til å ha samtaler om spørsmål av felles interesse vedrørande olje- og gassverksemda.

Kl 13.15 skal statsråden halde eit innlegg på Statnetts årlege haustkonferanse. Innlegget har tittelen "Dei største energipolitiske ufordringane de neste 10 åra. Kva gjer Regjeringa for å møte dei?".

Konferansen finn stad på Holmenkollen Park Hotell i Oslo.

Onsdag 3. november
Statsråden gjestar Grenland, der ho mellom anna skal møte Skagerak Energi. Besøket er eitt av fleire møter med dei største kraftselskapa i landet.

Pressekontakt for statsråden i Grenland er Lars Nermoen, 990 13 280.