Olje- og energiministeren sin kalender for veke 46
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 05.11.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 128/04
Dato: 05.11.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 46
Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widvey sin kaleder for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 9. november
Statsråden deltek på Intsok sin årlege konferanse som finn
stad i Stavanger.
Kl 09.30 held ho innlegget "Priorities in Supporting the Oil and Gas Industry Abroad".
Konferansen finn stad i Stavanger Hall, Radisson SAS Atlantic Hotell.
I samanheng med konferansen vil statsråden møte norske leverandørbedrifter som har gode historier å fortelje frå deira satsing internasjonalt. Bedriftene ho vil møte er Reslink, Easy Well Solution og Anzett.
Pressa er velkomen til å vere til stades under møta med desse bedriftene. Bedriftsmøta vil finne stad i verkstaden til Anzett i Fabrikkveien 25 på Forus kl 11.15.
For meir informasjon om dei tre bedriftene: www.reslink.no, www.anzett.com, www.ews.as
Pressekontakt for statsråden i Stavanger er Sissel Edvardsen, 901 97 382.
Onsdag 10. november
Statsråden har eitt spørsmål i Stortingets
spørjetime kl 11.00.
Frå representanten Øyvind Korsberg til olje- og
energiministeren:
"Miljøvernminister Hareide sier i Dagsavisen 2.
november i år at regjeringspartienes avtale for gasskraftverkene
ikke opphører ved stortingsvalget neste høst, men at Sem-avtalen på
dette området gjelder frem til 2008. Deler statsråden denne
oppfatningen?"
Torsdag 11. november
Frå kl 18.00 vil statsråden vere til stades på ein
festkveld for norsk forsking i Oslo Konserthus. Forskingsrådet er
arrangør for kvelden. Sjå
Forskingsrådet sine internettsider for meir informasjon om
arrangementet