Olje- og energiministeren sin kalender for veke 49
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 26.11.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 134/04
Dato: 25.11.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin kalender for veke 49
Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widveys
kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande
faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på
statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og
Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 30. november
På ei pressekonferanse kl 10.00 overrekkjer
Heimfallsutvalet sin rapport til olje- og energiministeren.
Deretter vil leiaren for Heimfallsutvalet Tore Vestbakke orienterer
om utvalets arbeid og konklusjonar.
Overleveringa av NOU-en vil finne stad i Olje- og energidepartementet sine lokalar på Einar Gerhardsens plass 1. Pressekonferansen vil vere open for journalistar med pressekort.
Kl 15.00 deltek statsråden på Toppleiarforum, som er ein møteplass for heile petroleumsnæringa. Deltakarane omfattar representantar frå styresmaktene, industrien, arbeidstakarorganisasjonar og forskingsmiljø.
Onsdag 1. desember
Olje- og energiministeren har eitt spørsmål i
spørjetimen i Stortinget
Frå representanten Trine Skei Grande til olje- og
energiministeren:
"Ifølge Direktoratet for naturforvaltning har viktige
forutsetninger i forbindelse med konsesjonsbehandlingen av
Mossavassdraget i Nord-Trøndelag vist seg å være uriktige.
Reguleringen har medført langt mer alvorlige skader på
fiskebestanden enn det konsesjonsstyresmaktene la til grunn.
Kompensasjons-godtgjørelsen har ikke vært tilstrekkelig for å
opprettholde laksebestanden, som nå er utrydningstruet. Ser
statsråden for seg at konsesjonsvilkårene kan endres for å redde
laksestammen i Mossavassdraget?"
Torsdag 2. desember
Kl 13.35 vil statsråden halde eit innlegg om framtidas olje-
og gassnæring i eit samfunnsperspektiv på Desemberkonferansen 2004.
Konferansen finn stad i Caroline Konferansesenter i
Kristiansund.
Pressekontakt for statsråden i Kristiansund er Lars Nermoen, 990 13 280.