Olje- og energiministeren sin kalender for veke 18
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 23.04.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 28/04
Dato: 23.04.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 18
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande
faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på
statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og
Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Måndag 26. april
Kl 10.00 gjestar statsråden ABB Offshore Systems på Risøya i
Haugesund, der han skal møte leiinga i verksemda saman med
representantar for Rogaland KrF.
Pressen er velkomne til å delta i den påfølgjande synfaringa i verkstaden. I den samanhengen vil det òg vere mogleg å intervjue statsråden.
Alle som skal inn på verkstadsområdet må ha på seg verneutstyr. Seinaste oppmøte er derfor kl 10.45.
Pressekontakt for statsråden i Haugesund er Lars Nermoen, 990 13 280.
Tysdag 27. april
Kl 11.30 held statsråden eit innlegg om grøne
sertifikat og regjeringa si strategi for auka etablering av små
vasskraftverk på årsmøtet til Småkraftforeininga. Arrangementet
finn stad på Rica Hotell i Bodø sentrum.
Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressen frå kl 13.30.
Pressekontakt for statsråden i Bodø er Sissel Edvardsen, 901 97 382.
Onsdag 28. april
Kl. 10.00 Statsråd Steensnæs deltek i Stortingets munnlege
spørjetime.
Statsrådens planlagde reiser
4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC
(Offshore Technology Conference) i Houston.
Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri. Pressefrukosten vil finne stad på Reliant Center, Houston room 702.
Same dag vil statsråden holde to foredrag. Kl 09.30 held han eit innlegg om forsking og utvikling i petroleumssektoren. Kl 12.15 held han eit innlegg om utfordringar for norsk sokkel i eit internasjonalt perspektiv.
22. – 24. mai
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum"
arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og
Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar
og -forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om
produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass.
Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under
arrangementet.
2. – 4. juni
Statsråden deltek på ein internasjonal konferanse
for fornybar energi i Bonn. Bakgrunnen for denne konferansen er FNs
Verdstoppmøte for bærekraftig utvikling i Johannesburg 2002. Den
tyske regjeringa ved miljøvernminister Jürgen Trittin og
utviklingsminister Heidmarie Wieczorek-Zeul arrangerer
konferansen.