test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 9/04
Dato: 13.02.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 8

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Torsdag 19. februar
Kl 18.00 vil olje- og energiministeren vere til stades under sentralbanksjefen sin årlege tale i Noregs Bank. Han vil òg vere til stades ved den påfølgjande middagen på Grand Hotell.

Fredag 20. til søndag 22. februar
Statsråden vil delta på Fylkesårsmøtet i Rogaland Kr.F. Fylkesårsmøtet finn stad på Rica Maritim Hotell i Haugesund.

Statsrådens planlagde reiser

27.2 – 5.3
Den 27. februar reiser statsråden til Dei Sameinte Arabiske Emirata der ein planlegger eit møte med Obaid bin Saif Al-Nasseri, minister for petroleum og mineralressurser.

Den 29. februar reiser han vidare til Saudi-Arabia. Besøket er ei oppfølging av den saudiarabiske oljeministeren Ali Al-Naimi sitt besøk i Noreg sumaren 2003.

4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC (Offshore Technology Conference) i Houston.

Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri.

Kl 12.15 same dag vil statsråden halde eit innlegg om kostnadseffektiv teknologi og verdien av ein konkurransedyktig olje- og gassindustri.

22. – 24. mai
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum" arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og –forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.