test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 24

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 51/04
Dato: 03.06.04

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

NB! Retting av kalenderen: Statsråden deltek ikkje på Stordkonferansen likevel. Politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø vil halde statsrådens innlegg

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 24

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 8. juni
Olje- og energiministeren gjestar Sandnes saman med representantar frå Rogaland KrF.

Kl 11.00 møter statsråden leiinga og dei tilsette i Offshore & Marine AS.

Kl 12.20 deltek statsråden på ei synfaring på "Bideford Dolphin". Pressa er velkomne til å delta på synfaringa.

Kl 18.30 deltek statsråden på eit opent møte om fornybar energi, der han vil halde eit innlegg om regjeringa sine mål for bruk av fornybar energi. Møtet finn stad på Quality Hotell Residence.

Pressekontakt for statsråden i Sandnes er politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø, 911 98 483.

Onsdag 9. juni
Olje- og energiministeren deltek på Stordkonferansen – Skjulte skatter i en moden oljeprovins.

Kl 10.00 held han eit innlegg om rammevilkåra for petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Konferansen finn stad på Stord Hotell. Sjå www.stordkonferansen.com for meir informasjon om programmet.

Pressekontakt for statsråden i Stord er Lars Nermoen, 99 01 32 80.

Laurdag 12. juni
Kl 13.00 deltek statsråden på eit næringstreff, der han møter representantar frå det lokale næringslivet i Harstad.