Olje- og energiministeren sin kalender for veke 17
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 15.04.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 26/04
Dato: 15.04.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 17
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane
har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram:
regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og
torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl
11.00.
Tysdag 20. april
Kl 10.00 opnar statsråden Vassdragsdagane 2004 med
eit innlegg om tryggleik og miljø i vassdraga våre. Arrangementet
finn stad i Ibsenhuset i Skien.
Pressekontakt for statsråden i Skien er Lars Nermoen, 990 13 280.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arrangerer Vassdragsdagane på fem ulike stader samstundes, i Målselv, Førde, Trondheim, Sarpsborg og Skien. Dette skjer i samanheng med at det i år er 200 år sidan forløparen til NVE, Canaldirektionen blei etablert. Sjå NVE sine internettsider for meir informasjon om Vassdragsdagane 2004: www.nve.no
21. og 22. april
Statsråden reiser til Nigeria der det er planlagt møte med
visepresident Alhaji Atiku Abubakar og dr. Edmund Daukoru, som er
presidenten sin rådgjevar i olje- og energispørsmål.
I løpet av besøket i Nigeria skal statsråden òg delta i eit næringslivsseminar i regi av Intsok.
Intsok er eit samarbeidsprosjekt
mellom styresmaktene og industrien for å fremme
internasjonaliseringa av norsk olje- og gassindustri.
Statsrådens planlagde reiser
4. – 7. mai
Statsråden reiser til USA for å delta på OTC
(Offshore Technology Conference) i Houston.
Onsdag 5. mai kl 08.00 møter statsråden pressa til frukost for å snakke om moglegheiter og utfordringar knytt til norsk sokkel og petroleumsindustri.
Kl 12.15 same dag vil statsråden halde eit innlegg om kostnadseffektiv teknologi og verdien av ein konkurransedyktig olje- og gassindustri.
22. – 24. mai
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum"
arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og
Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar
og -forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om
produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass.
Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under
arrangementet.