Olje- og energiministeren sin kalender for veke 20
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 34/04
Dato: 07.05.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 20
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 11. mai
Kl 13.00 presenterer olje- og energiministeren stortingsmeldinga Om petroleumsvirksomheten på ein pressekonferanse i plenumssalen, R4 i regjeringskvartalet.
Pressekonferansen vil òg bli overført via Odin direkte.
Invitasjon til pressekonferansen kjem seinare.
Kl 15.00 skal statsråden halde innlegg om petroleumsmeldinga på eit seminar i regi av Norsk petroleumsforeining (NPF). Arrangementet finn stad i Bygdøy Allé 2 i Oslo.
Onsdag 12. mai
Kl 09.20 held statsråden eit innlegg på Gasskonferansen i Bergen. I innlegget vil statsråden gjere greie for regjeringa sin strategi for å auke bruken av naturgass i Noreg.
Gasskonferansen finn stad i Grieghallen, Edv. Griegs plass1.
Kl 13.00 er statsråden i Ålvik for å opne Nye Bjølvo kraftverk.
Statsrådens planlagde reiser
22. – 24. mai blir det niande "International Energy Forum" arrangert i Amsterdam. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og -forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.
2. – 4. juni Statsråden deltek på ein internasjonal konferanse for fornybar energi i Bonn. Bakgrunnen for denne konferansen er FNs Verdstoppmøte for bærekraftig utvikling i Johannesburg 2002. Den tyske regjeringa ved miljøvernminister Jürgen Trittin og utviklingsminister Heidmarie Wieczorek-Zeul arrangerer konferansen.