test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/03
Dato: 21.05.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 22

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Laurdag 22. – måndag 25. mai
Statsråden deltek på det niande "International Energy Forum" (IEF) i Amsterdam. Tittelen på forumet er "Invesment in Energy, Choices for the Future", og vil ha hovudfokus på investeringar i olje- og gassektoren. Det nederlandske vertskapet har Noreg og Iran som medarrangørar for dette dialogmøtet mellom oljeprodusentar og -forbrukarar. Dette er eit forum for uformelle diskusjonar om produksjon, forbruk, investeringar og handel innafor olje og gass. Statsråd Steensnæs vil leie ein av sesjonane under arrangementet.

Laurdag 22. mai frå kl 15.00 -17.30: Sesjon I – Setting the scene

Sesjon I skal handle om utviklinga i marknaden sidan det åttande IEF, og utsiktane for tilførsel og etterspørsel etter olje og gass i framtida. Finansministeren i Nederland, Mr. Laurens Brinkhorst er ordstyrar under denne sesjonen, medan direktøren i OPEC sin forskingsdivisjon, Dr. Adnan Shihab-Eldin og direktøren i International Energy Forum, Mr. Claude Mandil står på talelista.

Søndag 23. mai kl 09.30 – 12.00 Sesjon II Oil and Gas Compared

Sesjon II skal fokusere på gass samanlikna med olje, og vil mellom anna handle om utviklinga av gass som energikjelde. Olje- og energiminister Einar Steensnæs skal leie denne sesjonen. I panelet sit den amerikanske energiministeren, Dr. Spencer Abraham, India sin minister for bensin og naturgass, Mr. Ram Naik, og Mr. Obeid bin Saif Al Nassiri, som er minister for petroleum og mineralressursar i dei Sameinte Arabiske Emirata.

Etter denne sesjonen blir det ein pressekonferanse med olje- og energiminister Einar Steensnæs.

Søndag 23 mai kl 16.00 – 18.30: Sesjon III – How to fuel Investments

Sesjon III skal handle om korleis ein kan mogleggjere eit attraktivt investeringsklima i energisektoren. Ministeren for petroleum i Iran, Mr. Bijan Namdar Zanganeh kjem til å leie denne sesjonen.

Måndag 24. mai kl 09.30 – 12.00: Sesjon IV – Energy, a Dynamic Future

Sesjon IV vil mellom anna handle om kva rolle IEF skal spille i framtida. Den saudi-arabiske ministeren for petroleum og mineralressursar, Mr. Ali Al-Naimi kjem til å leie denne sesjonen.

Kl 12.30 vil statsråden delta på ein pressekonferanse.

For meir informasjon om det niande "International Energy Forum", sjå http://www.iefs.org.sa/default.aspx

Pressekontakt for statsråd Steensnæs i Amsterdam er Lars Nermoen, +47 990 13 280.

Onsdag 26. mai

Statsråden deltek på Global Energy Foresight i Stavanger. Dette er eit internasjonalt seminar om forsking og energi, som mellom anna fokuserer på moglegheitene for å møte det auka energibehovet samstundes som ein arbeider for ei meir berekraftig energiforsyning.

Kl 12.30 opnar olje- og energiministeren seminaret med innlegget "The Norwegian Energy Scene in an International and National context.

Noregs Tekniske Vitskapsakademi (NTVA) arrangerer seminaret, som finn stad på Stavanger Forum konferansesenter. For meir informasjon, sjå http://www.ntva.no

Pressekontakt for statsråden i Stavanger er Lars Nermoen, 990 13 280.

Fredag 28. mai
Statsråden deltek på eit minikraftseminar i Tyssedal om verdskulturarven og energilandet Noreg. Kl 10.00 skal han holde eit foredrag med tittelen "Hvordan videreutvikle Norge som energinasjon – med spesiell vekt på kraftbransjen, slik Regjeringen ser det".

Seminaret finn sted i Statkraft sitt konferansesenter i Tyssedal.

Kl 13.30 skal statsråde opne det restaurerte vasskraftanlegget på Lilletopp.

Pressekontakt for statsråden i Tyssedal er politisk rådgjevar Astrid Apalset Vassbø,

911 98 483.

Statsrådens planlagde reiser/arrangement

2. – 4. juni
Statsråden deltek på ein internasjonal konferanse for fornybar energi i Bonn. Bakgrunnen for denne konferansen er FNs Verdstoppmøte for bærekraftig utvikling i Johannesburg 2002. Den tyske regjeringa ved miljøvernminister Jürgen Trittin og utviklingsminister Heidmarie Wieczorek-Zeul arrangerer konferansen.

Fredag den 4. juni tek olje- og energiminister Einar Steensnæs imot den tyske nærings- og arbeidsministeren Wolfgang Clement i Haugesund. Dei skal gjeste Statkraft sitt anlegg Førrevassdammen, og Norsk Hydro aluminium på Karmøy.

Laurdag 5. juni dreg dei to ministrane til Bergen, og derifrå ut på Troll-plattforma.