Olje- og energiministeren sin kalender for veke 23
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 28.05.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 47/04
Dato: 28.05.2004
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 23
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 1. juni
Kl 10.30 vil Hydrogenutvalet ved leiaren Sverre Aam
overlevere ein utredning (NOU) til olje- og energiminister Einar
Steensnæs og samferdselsminister Torild Skogsholm.
Sjå presseinvitasjonen for meir informasjon
Onsdag 2. juni
Frå kl 09.30 deltek olje- og energiministeren i
feiringa av 200-årsjubileet for norsk vassdragsforvaltning.
Statsråden skal halde eit innlegg om norsk vassdragsforvaltning sin
historie og regjeringa sine prioriteringar innafor dette
feltet.
I 1804 blei Canaldirectionen oppretta i København. Det blei starten den offentlege vassdragsforvaltninga i Noreg. Markeringa finn stad i NVE-huset, Middelthuns gt. 29 i Oslo.
2. – 4. juni
Statsråden leier den norske delegasjonen på ein
internasjonal konferanse for fornybar energi i Bonn. Bakgrunnen for
denne konferansen er FNs Verdstoppmøte for bærekraftig utvikling i
Johannesburg 2002. Den tyske regjeringa ved miljøvernminister
Jürgen Trittin og utviklingsminister Heidmarie Wieczorek-Zeul
arrangerer konferansen.
Torsdag 3. juni kl 09.00 vil statsråden vere til stades under opninga av ministersegmentet av konferansen. Opninga finn stad i Internationales Kongresszentrum Bundeshaus (kongressenteret).
Torsdag kl 14.30 deltek statsråden i eit ministermøte om politikken for ein marknad for fornybar energi. Ministermøtet finn stad i kongressenteret.
Torsdag kl 17.00 deltek statsråden i eit nytt ministermøte for å diskutere resultata frå konferansen.
I løpet av torsdagen kjem statsråden òg til å gjeste utstillingane til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statkraft.
4. – 5. juni
Fredag den 4. juni tek olje- og energiminister Einar
Steensnæs imot den tyske nærings- og arbeidsministeren Wolfgang
Clement i Haugesund. Dei skal gjeste Statkraft sitt anlegg
Førrevassdammen, og Norsk Hydro aluminium på Karmøy.
Laurdag den 5. juni dreg dei to ministrane til Bergen, og derifrå ut på Troll-plattforma.
Pressekontakt for statsråden i Bonn, Haugesund og Bergen er Sissel Edvardsen, +47 901 97 382.