Olje- og energiministeren sin kalender for uke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 11.06.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 56/04
Dato: 11.06.2004
Kontakperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 25
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Måndag 14. juni
Frå kl 10.00 vil statsråden vere til stades i Stortinget
under handsaminga av stortingsmeldinga om petroleumsverksemda og ei
rekke private forslag (dok-8).
Deretter vil han vere til stades i Odelstinget under handsaminga av odelstingsproposisjonen om "Lov om endringer i lov 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v. og lov 14. desember 1917 nr.17 om vassdragsreguleringer".
Tysdag 15. juni
Kl 14.00 møter statsråd Steensnæs partisekretær Zhao
Leji frå Qinghai-provinsen i Kina. Møtet vil mellom anna handle om
vasskraftutbygging og vassressursforvaltning.
Fredag 18. juni
Olje- og energiminister Einar Steensnæs legg fram
stortingsmeldinga om innovasjonsverksemda for miljøvenlege
gassteknologiar med vidare.
I den samanhengen inviterer han til pressekonferanse kl 12.30 i plenumsalen i R4 (Einar Gerhardsens plass 1).
Eiga invitasjon til pressa kjem seinare.