test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny verdivurdering av SDØE

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Verdien av Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) er per 1.1.2004 rekna til 438 milliardar kroner. (19.08.04)

Pressemelding

Nr.: 94/04
Dato: 19.08.2004

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Ny verdivurdering av SDØE

Verdien av Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) er per 1.1.2004 rekna til 438 milliardar kroner. Dette er ei auking på om lag 14 milliardar i 2003 dersom ein nytter same prisar. Dersom ein tek omsyn til prisendringar vart verdiaukinga om lag 26 milliardar. Det syner ei verdivurdering Wood Mackenzie har utført på oppdrag frå Olje- og energidepartementet.

I analysen nytta Wood Mackenzie prisføresetnadane frå nasjonalbudsjetta for 2003 og 2004. Prisendringar i 2004 er ikkje reflektert i analysen.

Troll, Ormen Lange og Gullfaks var dei viktigaste årsakene til verdiaukingane i SDØE-porteføljen i 2003.

Verdivurderinga av SDØE-porteføljen er ein del av Olje- og energidepartementet si oppfølging av SDØE og Petoro AS. Petoro AS ivaretar SDØE på vegne av staten.

Rapporten frå Wood Mackenzie ligg på Olje- og energidepartementet sine internettsider.