test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Disponering av betongunderstellet på Frigg-feltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Regjeringa har avgjort at den beste disponeringsløysinga for betongunderstellet til behandlings- og kompressorplattforma TCP2 på Frigg-feltet er etterlating på staden. 09.01.2004

Pressemelding

Nr.: 2/04
Dato: 09.01.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Disponering av betongunderstellet på Frigg-feltet

Regjeringa har avgjort at den beste disponeringsløysinga for betongunderstellet til behandlings- og kompressorplattforma TCP2 på Frigg-feltet er etterlating på staden. Produksjonen frå feltet forventes å opphøyre sommaren 2004. Saka blir no lagt fram for Stortinget.

Frigg-feltet er utbygd og vert produsert i fellesskap mellom Noreg og Storbritannia. Olje- og energidepartementet fekk i november 2001 oversendt avslutningsplan for Frigg-feltet som blant anna omfattar endeleg disponering av tre betongunderstell. Av desse står TCP2 på norsk side.

I september 2003 vart det bestemt at overbygningen på TCP2 skal fjernast og takast til land.* Britiske styresmakter har godkjent å etterlate dei to betongunderstella på britisk side.

Basert på ei totalvurdering der ein har teke omsyn til teknisk gjennomføring, tryggleik for personell, miljøet, kostnader og verknader for andre brukarar av havet, tilrår regjeringa at disponeringsløysinga for betongunderstellet TCP2 på Frigg-feltet er etterlating på staden. Etterlating er grunngitt med at ein fjerningsoperasjon inneber ein uakseptabelt høg risiko for tap av menneskeliv og annan skade. Vurderinga er basert på risikoanalysar utførte og verifiserte av uavhengig teknisk ekspertise. I tillegg er ein fjerningsoperasjon vesentleg dyrare. Tryggleiken for andre brukarar av havet vil bli ivareteke ved å utplassere navigasjonsutstyr samt at betongunderstellet avmerkjast på sjøkart.

I medhald av pliktene etter OSPAR-konvensjonen (konvensjon av 1992 om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet) er det gjennomført konsultasjon med dei andre konvensjonspartane. Ingen av desse har innvendingar mot etterlating.

*Sjå pressemelding av 26. september 2003