test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 32

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 84/04
Dato: 30.07.2004

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 32

Utdrag frå olje- og energiminister Thorhild Widvey sin kalender for neste veke:

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 3. og onsdag 4. august
Olje- og energiminister Thorhild Widvey gjestar Vestlandet.

Tysdag kl 14.30 besøkjer statsråden Hamrabø mikrokraftverk i Suldal. På Hamrabø vil statsråden vere tilgjengeleg for intervju.

Deretter skal statsråden mellom anna på synfaring ved fleirårsmagasinet på Blåsjø, Førrevassdammen og Kvildal kraftverk.

Onsdag kl 12.00 deltek statsråden på synfaring på Tonstad kraftverk i Sirdal.