test.regjeringen.no

Historisk arkiv

1 milliard kroner til styrking av petroleumsforskinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

- Petroleumsretta forsking og utvikling er viktig for å redusere kostnader, auke utvinninga og sikre gode miljøløysingar. (11.05.04)

Pressemelding

Nr.: 40/04
Dato: 11.05.2004

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

1 milliard kroner til styrking av petroleumsforskinga

For å styrke den statlege finansieringa av petroleumsforskinga foreslår regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 1 milliard kroner frå 1. juli 2004. Den auka avkastinga skal nyttast til langsiktig, grunnleggjande forsking retta mot petroleumssektoren.

- Petroleumsretta forsking og utvikling er viktig for å redusere kostnader, auke utvinninga og sikre gode miljøløysingar.Styrkinga av petroleumsforskinga er derfor eit av fleire viktige grep for å oppretthalde ein konkurransedyktig olje- og gassindustri, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs.

Statens bidrag til forskingsinnsats vil mellom anna skje gjennom det nye programmet PETROMAKS i Noregs Forskingsråd. I tillegg til å styrke Fondet for forsking og nyskaping vil regjeringa stimulere til auka samarbeid om teknologiutvikling på tvers av utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel.

Satsinga på forsking og utvikling er eit av fleire verkemiddel for å få til ei langsiktig verdiskaping på norsk sokkel. For å nå målet om oljeproduksjon i over 50 år framover og gassproduksjon i eit endå lengre perspektiv, vil Regjeringa òg setje i verk tiltak for å auke leiteaktiviteten og utvinninga frå eksisterande felt samt redusere kostnadsnivået på sokkelen.