test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Verdien av SDØE uendra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Verdien av statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i petroleumsverksemda endra seg ikkje i løpet av 2002. (14.07.2003)

Pressemelding

Nr.: 76/03
Dato: 14.07.2003

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Verdien av SDØE uendra

Verdien av statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i petroleumsverksemda endra seg ikkje i løpet av 2002. Det viser ei analyse av Petoro si verksemd. Analysen er utført av Wood Mackenzie på oppdrag frå Olje- og energidepartementet. Petoro AS forvaltar SDØE på vegne av staten.

Som ein del av oppfølginga av Petoro, har departementet gjennomført ei analyse for å måle og vurdere Petoro sine resultat i 2002. For å gjere dette, er det i analysen gjort ei vurdering av verdiutviklinga i porteføljen i løpet av året. Vidare er det gjort ei vurdering av i kor stor grad selskapet har skapt og/eller tatt vare på verdiar på nokre utvalde prosjekt i porteføljen. I tillegg er Petoro si økonomistyring og oppfølging av Statoil sitt sal av SDØE-petroleum vurdert.

I verdivurderinga er verdien av SDØE-porteføljen ved inngangen til 2002 rekna til 473 milliardar kroner. Nettokontantstraum frå SDØE i 2002 var 62 mrd. kroner. Det er her tatt omsyn til kostnader knytta til drifta av Petoro AS, Statens petroleumsforsikringsfond og Statoil si avsetting av SDØE-petroleum.

Verdien av porteføljen ved slutten av 2002 er rekna til 411 mrd. kroner. Dette inneber at porteføljens nettonoverdi var uendra i 2002 når ein tar omsyn til dei verdiane som er realisert i 2002. Dersom ein legg prisføresetnadar frå starten av 2002 til grunn ved berekninga av verdien av porteføljen ved slutten av året, er verdien 4 mrd. kroner høgare. Alle oppgitte verdiar er vurdert per 1. januar 2002.

Olje- og energidepartementet har, som ansvarleg eigardepartement for Petoro, definert følgjande hovudoppgåver for selskapet:

  • Ivaretaking av statens deltakardelar i dei interessentskap der staten til kvar tid har slike.
  • Overvaking av Statoil si avsetting av den petroleum som produserast frå statens SDØE, i tråd med avsettingsinstruksen til Statoil.
  • Økonomistyring, under dette føring av regnskap, for SDØE.

Wood Mackenzie har intervjua Petoro, leiande oljeselskap og Oljedirektoratet, for å vurdere om og eventuelt korleis Petoro har medverka til verdiskaping og verdibevaring i 2002. Konklusjonen av den kvalitative analysen er at det er svært vanskeleg konkret å fastsetje Petoro sitt bidrag. Departementet vil peike på at dette ikkje er overraskande, sett i ljos av dei metodeproblema som eksisterar ved slike vurderingar.

Analysen viser òg at Petoro har utarbeidd robuste og gode rutinar for økonomistyring og oppfølging av Statoil si avsetning av statens petroleum. Dette er av stort verd for statens inntekter, og departementet er difor nøgd med det arbeid Petoro har gjort innanfor desse to hovudoppgåvene i 2002.

I 2002 var framleis Petoro i ei oppbyggingsfase. Ut frå føresetnadane for selskapet si verksemd, er det departementet si oppfatning at Petoro utvikla seg i ei god retning. Departementet er tilfreds med at rapporten viser at Petoro har bygd opp ein kompetent stab, og forventar at selskapet framover medverkar både til verdibevaring og verdiskaping for staten.

Rapporten (i pdf format)