test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Stortingsmelding om tariffar for overføring av kraft og om tovegskommunikasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Fredag 13. juni la Regjeringa fram ei stortingsmelding om tariffar for overføring av kraft og om tovegskommunikasjon. Stortinget har bedt departementet om meldinga. (13.06.03)

Pressemelding

Nr.: 64/03
Dato: 13.06.2003

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Stortingsmelding om tariffar for overføring av kraft og om tovegskommunikasjon

Fredag 13. juni la Regjeringa fram ei stortingsmelding om tariffar for overføring av kraft og om tovegskommunikasjon. Stortinget har bedt departementet om meldinga.

I dag har ein ei utjamningsordning som fører til at kundane i dei 10 dyraste nettselskapa får lågare tariffar. Regjeringa meiner at ei utjamningsordning bør vere basert på dei same hovudprinsippa som dagens utjamningsordning. Den sikrar at både dei grunnleggjande prinsippa for tariffering og insentiva til kostnadseffektivisering av nettverksemda i stor grad vert ført vidare, samstundes som ordninga er treffsikker og enkel å administrere. Det vert foreslått to modellar for finansiering av tariffutjamning; finansiering over statsbudsjettet og innføring av ei sjølvfinansierande ordning.

Stortinget har og bedt om å verte førelagd tariffmodellar som er enkle og robuste mot forandringar. Etter regjeringa si vurdering er dagens tariffmodell enkel. For hushaldskundar består den av to ledd, eit energiledd og eit fastledd. Modellen byggjer på robuste prinsipp, mellom anna om at dei fysiske nett-tapa skal dekkjast av energileddet.

Vidare vert eit forslag om ei låg øvre grense for fastleddet i nettleiga vurdert. Dette for å stimulere til straumsparing og ei betre sosial fordeling av nettkostnadane. Forslaget byggjer ikkje opp under målsetjinga om ein tariffmodell som er robust mot forandringar og variasjonar over tid, og svekkar òg tariffen som verkemiddel for å motivere til effektiv utnytting av nettet.

Stortingsmeldinga omhandlar òg forslag til ulike modellar for finansiering av tovegskommunikasjon. Olje- og energidepartementet meiner mellom anna at nettselskapet kan inngå avtaler med andre aktørar om å medverke til finansieringa. Eventuelle tiltak for å motivere til utbygging av tovegskommunikasjon, utover dei som ligg i eksisterande regulering, bør avvente betre informasjon om kostnadar og nytteverdiar ved bruk av tovegskommunikasjon.