Olje- og energiministeren sin kalender for veke 40
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 26.09.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 98/03
Dato: 26.09.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 40
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Måndag 29. og tysdag 30. september
Statsråden deltek på det nordiske ministermøtet for næringsliv og energi i Göteborg.
Kl 17.00 måndag den 29. september skal ministrane signere ei avtale om å etablere eit forsøksområde for å anvende Kyoto-mekanismane for energiprosjekt i Østersjø-regionen. Kyoto-mekanismane sitt formål er å medverke til å innfri Kyoto-protokollen sine mål om reduksjon av klimagassutslepp.
Frå kl 12.00 til 12.30 tysdag den 30. september deltek statsråden på ei pressekonferanse som finn stad på Quality Hotell i Maskingatan 11.
Pressekontakt for statsråden er Sissel Edvardsen, + 47 90 19 73 82.
Onsdag 1. oktober
Frå kl 19.00 deltek statsråden på ei markering av 10 år med Trollgass. Arrangementet finn stad i Håkonshallen i Bergen.
Torsdag 2. oktober
Statsråden vil vere til stades under opninga av det 148. Storting kl 13.00.
Fredag 3. oktober
Kl 15.00 vil statsråden vere til stades under mottakinga for Kåre Willoch i samanheng med feiringa av hans 75-årsdag.