test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 41

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 104/03
Dato: 02.10.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 41

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 6. oktober
Frå kl 10.00 vil statsråden vere til stades i Stortinget under trontaledebatten.

Tysdag 7. oktober
Frå kl 10.30 til 19.00 deltek statsråden på Kr.F sitt sentralstyremøte, som finn stad på partikontoret i Øvre Slottsgate i Oslo.

Onsdag 8. oktober
Kl 10.30 vil statsråden vere til stades i Stortinget under finanstalen ved framlegginga av Statsbudsjettet for 2004.

Onsdag 8. til søndag 12. oktober
Statsråden reiser til Brasil i samanheng med statsbesøket til det norske kongeparet.

Kl 09.20 den 9. oktober
held statsråden eit innlegg på eit seminar i regi av Intsok *. Seminaret finn stad på Copacabana Palace i Rio de Janeiro.

Etterpå, kl 10.15 held statsråden ein pressekonferanse.

Fredag 10. oktober
gjestar statsråden det nasjonale brasilianske oljeselskapet Petrobas og FIRJAN, som er industriforbundet i Rio de Janeiro, saman med Hans Majestet Kong Harald.

Kl 12.15 deltek statsråden i ein pressekonferanse i lokala til FIRJAN i Rio de Janeiro.

23. – 29. oktober
Olje- og energiministeren skal gjeste Mexico og Venezuela i tida 23. til 29. oktober. Fredag 24.10 skal han møte den meksikanske energiministeren Felipe Calderón. Same dag vil Steensnæs delta på eit industriseminar i regi av Intsok.

Måndag 27. oktober
møter han Venezuelas energiminister Rafael Ramirez i Caracas.

Tysdag 28. oktober
vil statsråd Steensnæs delta på eit industriseminar i regi av Intsok.

Interesserte journalistar kan ta kontakt med Sissel Edvardsen på 22 24 61 09 for å få meir informasjon.
* Intsok er eit partnarskap som skal fremme internasjonaliseringa av norsk olje- og gassindustri.