test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 6 og 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 10/03
Dato: 31.01.2003

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 6 og 7

Utdrag frå statsråd Einar Steensnæs sin kalender for dei to neste vekene:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Tysdag 4. februar
Frå kl 09.00 til 12.00 deltek statsråd Steensnæs på eit energiseminar i samanheng med lanseringa av boka EnergiNorges Fremtid – Høsting eller kompetansebasert vekst. Redaktørar er Torger Reve og Kjell Roland.Seminaret finn stad på Hotell Bristol i Oslo.

Onsdag 5. februar til og med laurdag 8. februar
Statsråden deltek på Sanderstølen-konferansen, der han mellom anna vil ha samtaler med den britiske energiministeren, Brian Wilson, og andre framtredande representantar for den internasjonale olje- og gassnæringa.

Torsdag 6. februar
Kl 10.00 vil statsråden vere til stades i Stortinget under behandlinga av forslaget frå representantane Carl I. Hagen, Øyvind Vaksdal, Gjermund Hagesæter, Arne Sortevik og Karin S. Woldseth om å sikre nødvendige middel til Statnett for å redusere risikoen i kraftforsyninga på Vestlandet.

Tysdag 11. februar til og med torsdag 13. februar
Statsråden er i Moskva for å ha samtaler med sine russiske kollegaer. Besøket er eit ledd i energidialogen mellom Noreg og Russland, og ein del av oppfølginga etter president Putin sitt besøk i Noreg.

Fredag 14. februar til laurdag 15. februar
Fredag kl 15.30 tek statsråden del i Nord-Trøndelag KrF sitt årsmøte, som finn stad på Indrøy Folkehøgskule i Nord-Trøndelag. På laurdag er han til stades på Sør-Trøndelag KrF sitt møte på Quality Panorama Hotel i Trondheim.

Kontaktperson under årsmøtet er politisk rådgjevar, Øyvind Håbrekke: 970 62 368