Olje- og energiministeren sin kalender for veke 11 og 12
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 06.03.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 20/03
Dato: 06.03.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin kalender for veke 11 og 12
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for dei to neste vekene:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Søndag 9. mars til tysdag 11. mars
Statsråden deltek på budsjettkonferansen på
Torbjørnrud, som startar kl 16.00 søndag 9. mars.
Budsjettkonferansen held fram til kl 12.00 tysdag 11. mars.
Tysdag 11. mars
Kl 15.00 leier statsråden Toppleiarforum, som er ein
møteplass for toppsjefane i departementa, fagforeiningane,
bransjeorganisasjonane, forskingsinstitusjonane og industrien rundt
oljesektoren. Toppleiarforum sitt mål er å styrke konkurransekrafta
til norsk kontinentalsokkel og å sikre leverandørindustrien sin
konkurranseevne heime og internasjonalt. Toppleiarforum finn stad
hos Statoil i Stavanger.
Sjå Olje- og energidepartementet sine internettsider for meir informasjon om aktuelle prosjekt som Toppleiarforum har satt i gang: Rapporter fra Topplederforum
Onsdag 12. mars
Kl 18.00 held statsråden innlegg på eit seminar om
korleis ein kan auke verdiskapinga frå naturgass i Noreg. Seminaret
finn stad hos Noregs Tekniske Vitskapsakademi (NTVA) i
Drammensveien 78 i Oslo.
Fredag 14. og laurdag 15. mars
Statsråden deltek på Landsstyremøtet i KrF.
Landsstyremøtet startar kl 14.00 laurdag og held fram til kl 15.00
søndag, og finn stad på Hotel Rainbow Arena på Lillestrøm.
Måndag 17. til laurdag 22. mars
Statsråden reiser til Japan for å ta del i World
Water Forum i samanheng med Ferskvatnets år. Onsdag den 19. mars
vil han holde opningsinnlegget på seminaret Governing Water
Resources in Norway, som Noregs vassdrags- og energidirektorat
(NVE) arrangerer.
Torsdag den 20. mars deltek statsråden på eit seminar om mellom anna hydrogen som energikjelde og utvikling av miljøvenlege energikjelder. Seminaret finn stad på universitetet i Kyoto, og statsråden vil mellom anna få innsyn i eit samarbeid som universitetet har med NTNU om utvikling av brenselceller.
Fredag den 21. mars er statsråden til stades på European Day, eit seminar om EU sitt vassdirektiv.
Statsråden kjem og til å ha fleire bilaterale møter med vassressurs-/vassministrar frå mellom anna Tyrkia, India og Kina.
Kontaktperson i Japan er Sissel Edvardsen. Ta kontakt med Olje- og energidepartementet for telefonnummer.