test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 14

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 31/03
Dato: 27.03.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 14

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for veke 14

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 31. mars
Olje- og energidepartementet arrangerer seminar om verdiskaping i modne områder på sokkelen, spesielt Tampen. Arrangementet finn stad på Sola Strand Hotel i Stavanger, og statsråd Steensnæs inviterer til eit møte med pressa kl 16.00. Sjå departementet sine internettsider for meir informasjon om seminaret.

Torsdag 3. april
Kl 09.00 opnar statsråden "Oslo Conference of Petroleum Resource Management". Eit av hovudemna konferansen tek opp er korleis ein kan auke utvinningsgraden på norsk sokkel ved hjelp av ny og betre teknologi. Seminaret finn stad på Losby Gård i Lørenskog kommune.

Fredag 4. april
Statsråden møter representantar frå Rødøy kommune for å snakke om verneplan for vassdrag. Møtet finn stad i Olje- og energidepartementet kl 10.00.