Olje- og energiministeren sin kalender for veke 24
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 06.06.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 59/03
Dato: 06.06.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin kalender
for veke 24
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Måndag 9. juni
Venezuelas energiminister Rafael Ramirez Carreno
kjem til Noreg for ein arbeidsmiddag med olje- og energiminister
Einar Steensnæs.
Kl 18.30 kan pressa møte dei to ministrane på Hotell Continental, 'De fire årstider'. Separat invitasjon kjem seinare.
Tysdag 10. juni
Statsråden besøker Kollsnes gassanlegg, Kollsnes
Næringspark og Stureterminalen i Øygarden. Ingmar Ljones og Torill
Selsvold Nyborg vil og vere med på bedriftsbesøket som Kristeleg
Folkeparti arrangerar.
Besøket startar ved Kollsnes gassanlegg kl 12.00. med synfaring og orientering om anlegget.
Kl 13.45 blir det pressekonferanse ved Kollsnes gassanlegg.
Deretter drar følgjet vidare til Kollsnes næringspark kl 14.00. Kl 15.30 kjem dei til Stureterminalen.
Besøket blir avslutta med eit folkemøte på Øygarden ungdomsskule kl 18.30, der statsråden vil halde eit innlegg med tittelen "energipolitiske utfordringar".
Kontaktperson i Øygarden er politisk rådgjevar Øivind Håbrekke, 970 62 368.
Onsdag 11. juni
Statsråden er hovudinnleiar til ein debatt der
deltakarane skal diskutere om ein må ha sterkare politisk styring
for å få meir regelmessige straumprisar og om sal av selskap som
Hafslund og Statnett Entreprenør gir straumkundane og samfunnet
tilstrekkeleg tryggleik. Rune Gerhardsen (Ap), André Støylen (H) og
Hans Felix (EL og IT forbundet) kommenterer statsrådens
hovudinnlegg.
Det opne møtet finn stad i Oslo Arbeidarsamfunn sine lokalar på Arbeidarsamfunnets plass 1 c kl 18.30. Arrangørar er Oslo Arbeidarsamfunn og Oslo Arbeidarparti.
Torsdag 12. juni
Statsråden vil vere til stades i Stortinget under
behandlinga av Odelstingsproposisjon nr 46. Sjå pressemeldinga "
Forslag til utvidelse av petroleumslovens
virkeområde på land"
Odelstingsproposisjonen ligg òg på Olje- og energidepartementet sine internettsider.
Kl 10.30 møter statsråden ordførar Gjerdrem i Bjerkreim kommune for å snakke om verneplan for vassdrag.
Kl 13.30 deltek statsråden i ein partileiardebatt på Johan Throne Holst-konferansen 2003. Dei andre deltakarane i debatten er Jan Petersen, Carl Ivar Hagen, Kristin Halvorsen, Åslaug Haga og Jens Stoltenberg. Debatten, som blir leia av Terje Svabø har fått overskrifta: "Norge i det nye Europa, blir vi et sidelinjeland?"
Fredag 13. juni
Frå kl 17.00 deltek statsråden på Regjeringa si
sumaravslutning.
Laurdag 14. juni
Kl 13.00 deltek statsråden i ein partileiardebatt i
Nittedal.