test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 26

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 65/03
Dato: 20.06.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 26

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 23. juni
Kl 09.15 held statsråden eit foredrag om ressursforvaltning i eit generasjonsperspektiv i samanheng med Nordsjøseilasen 2003. Temaet for arrangementet er oljeressursar og miljøvern. Den norske kyrkja mellomkyrkjeleg råd er arrangør. Sted: Utstein kloster.

Måndag 23. juni til onsdag 25. juni
Statsråden deltek på KrF sin turne i Nord-Noreg. Turneen startar i Alta på måndag ettermiddag. Tysdag morgon reiser dei vidare til Tromsø før turneen vert avslutta i Brønnøysund på onsdag.

Torsdag 26. juni til søndag 29. juni
Saudi-Arabia sin oljeminister Al-Naimi gjestar Noreg. I løpet av besøket vil han møte statsminister Kjell Magne Bondevik og leiinga i Statoil og Hydro. Olje- og energiminister Einar Steensnæs vil vere vert under Al-Naimi sitt besøk i Noreg. Etter dei offisielle møta inviterer Steensnæs sin saudiarabiske kollega med på fisketur i Nord-Noreg.

Torsdag 26. juni kl 15.45 møter Al-Naimi og Steensnæs pressa i Olje- og energidepartementet sine lokalar.