test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 32

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 77/03
Dato: 01.08.2003

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og energiministeren sin kalender
for veke 32

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke.

Onsdag 6. august

Kl. 10.00 Statsråden held innlegg på konferansen 'Undervassoperasjonar 2003', på Høgskolen i Haugesund.

Torsdag 7. august

Kl. 09.40 held olje- og energiministeren innlegg på Synergijazz på Radisson SAS hotell i Haugesund.
Kl. 13.20
har han eit innlegg på Kraftjazz 2003, på hovudkontoret til Haugland Kraft.
Pressekontakt i Haugesund er fungerande informasjonssjef Lars Nermoen på 990 13 280.

Statsråden dreg deretter til Gjøvik, kor han vil stå på stand for KrF i Gjøvik sentrum frå kl. 16.30.

Kl. 19.30 tek Einar Steensnæs del i eit kveldsarrangement i kantina på Tranberg v.g. skule i regi av Gjøvik KrF.

Fredag 8. august

Kl. 08.30 vil statsråden besøke Bagn i Sør-Aurdal kommune. Tema er fjernarbeidsplassar og mikrokraftverk.
Kl. 11.00
er det avreise til Brandbu, og
kl. 13.00 vil Steensnæs besøke Energigården på Brandbu på Hadeland, og få ein gjennomgang av deira satsing på bioenergi.
Kl. 14.00
besøker statsråden Gran Næringspark.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Øyvind Håbrekke på 970 62 368.
Kl. 18.00
Olje- og energiminister Steensnæs opnar Elvefestivalen 2003 under opningskonserten i Nes kyrkjeruinar på Romerike.