Olje- og energiministeren sin kalender for veke 33
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 12.08.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 80/03
Dato: 12.08.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 33
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for veke 33: Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00 .
Tysdag 12. august
Statsråden er i Østfold for å ha møter med Jøtul og
Gassutvalet.
Torsdag 14. august
Kl 10.00 møter statsråden Brasil sin ambassadør, Cesar
Moreira. Møtet er eit ledd i førebuingane til statsbesøket i Brasil
frå den 7. til den 11. oktober i år, der olje- og energiministeren
skal vere med.
Frå kl 15.30 til 17.30 møter statsråden publikum for å svare på spørsmål om kraftsituasjonen. Møtet vil finne stad på Olje- og energidepartementet sine internettsider: www.oed.dep.no. Publikum kan sende inn spørsmåla sine frå og med måndag den 11. august til denne adressa: nettmote@oed.dep.no
Administrerande direktør i Enova, Eli Arnstad, vassdrags- og energidirektør, Agnar Aas og konsernsjef i Statnett Odd Håkon Hoelsæter vil svare på spørsmåla saman med olje- og energiministeren.
Fredag 15. til søndag 17. august
Frå kl 08.30 fredag den 15. august til kl 10.00 søndag den
17. august deltek statsråden på KrF sitt landsstyremøte og
strategikonferanse på Quality Hotel Sarpsborg.