Olje- og energiministeren sin kalender for veke 34
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 15.08.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 82/03
Dato: 15.08.2003
Olje- og energiministeren
sin kalender for veke 34
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke.
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande
faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på
Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og
Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 19. august
Statsråden er i Tønsberg, der han mellom anna gjestar Esso
Slagentangen.
Onsdag 20. august
Kl 09.15 held statsråden eit innlegg på "First Securities'
Nordic Energy Summit 2003". Konferansen finn stad på Hotell Bristol
i Oslo.
Kl 13.00 møter statsråden Claude Mandil, som er
sjef for International Energy Agency (IEA). Møtet finn stad i Olje-
og energidepartementet.
Torsdag 21. august
Statsråden deltek på jubileumslandsmøtet til
Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar på Quality Hotel i
Røros:
Kl 10.45 held han eit innlegg om Regjeringa si energipolitikk.
Kl 13.30 deltek olje- og energiministeren i ein energipolitisk duell med Carl I. Hagen. Terje Svabø i Dinamo PR er debattleiar.
Pressekontakt i Røros er politisk
rådgjevar Øyvind Håbrekke, 970 62 368
Fredag 22. august
Statsråden deltek på møter med Nord- og Sør-Trøndelag Kr.F i
Trondheim.