Olje- og energiministeren sin kalender for veke 36
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 29.08.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 90/03
Dato: 29.08.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin
kalender for veke 36
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande
faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på
Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og
Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Laurdag 30. august
Frå kl 10.00 til 12.00 står statsråden på stand i Stange
sentrum.
Frå kl 12.15 til 13.45 står statsråden på stand i Hamar sentrum.
Tysdag 1. september
Statsråden deltek på valkamparrangement i
Hammerfest.
Pressekontakt i Hammerfest er Lars Nermoen, 990 13 280.
Onsdag 3. september
Kl 13.30 held statsråden eit innlegg på Petro 2003
i Harstad. Petro 2003 er ein konferanse om olje- og gass og
innlegget bærer tittelen "Nord-Norge ved et vegskilje i forhold til
olje og gass". Norsk Petroleumsforeining arrangerer
konferansen.
Frå kl 15.00 til 16.00 står statsråden på ein stand i Harstad sentrum.
Kl 19.00 deltek statsråden på eit folkemøte på Borkenes i Kvæfjord. Temaet for folkemøtet er energipolitikk og aktuelle saker i valkampen.
Pressekontakt i Harstad og Kvæfjord er politisk rådgjevar Øyvind Håbrekke, 970 62 369.
Torsdag 4. september
Kl 13.00 møter statsråden representantar for
Lofotkraft. Møtet vil handle om drift av linjenettet og alternativ
energi.
Kl 19.00 deltek statsråden i feiringa av Kristeleg folkeparti sitt 70 års jubileum. Markeringa finn stad i forsamlingslokalet til Leknes kyrkjelyd.
Pressekontakt i Lofoten er politisk rådgjevar Øyvind Håbrekke, 970 62 368.
Laurdag 6. september
Statsråden deltek på valkamparrangement i
Buskerud.