test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Olje- og energiministeren sin kalender for veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 90/03
Dato: 05.09.2003

Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07

Olje- og energiministeren sin
kalender for veke 37

Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 8. september
Statsråden gjestar Sogn og Fjordane i samanheng med kommune- og fylkestingsvalet.

Kl 12.00 besøker statsråden Nordfjord sjukehus der han får ein orientering om ENØK-tiltaka ved sjukehuset.

Kl 13.30 får statsråden ein orientering om fjordvarmeprosjektet og dei utfordringane som Eid kommune har hatt i samanheng med prosjektet.

Kl 14.30 deltek statsråden i ei synfaring av fjordvarmeprosjektet på Nordfjordeid.

Kl 15.30 møter statsråden folk på ein stand i sentrum av Nordfjordeid.

Kl 16.00 held statsråden ein appell i Nordfjordeid sentrum

Pressekontakt i Sogn og fjordane er politisk rådgjevar Øyvind Håbrekke, 970 62 368.

Onsdag 10. september
Statsråden deltek i arrangement i Haugesund i samanheng med kommune- og fylkestingsvalet.

Torsdag 11. september
Statsråden gjestar Setesdal.

Kl 12.30 kjem stasråden til Valle, der han skal ha ein kort stopp ved Rysstad.

Kl 13.00 vil statsråden få ein orientering ved Brokke Kraftverk.

Kl 13.30 gjestar statsråden Valle Rådhus der han skal møte ordføraren og rådmannen i kommunen.

Kl 15.30 gjestar statsråden Bykle Rådhus der han skal møte ordføraren i kommunen.

Pressekontakt i Setesdal er Sissel Edvardsen, 901 97 382.

Laurdag 13. september
Statsråden deltek på ulike valkamparrangement i Rogaland.

Kl 19.00 deltek statsråden på valfest med Kr.F i Stavanger.