Olje- og energiministeren sin kalender for veke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 13.06.2003 | Sist oppdatert: 11.11.2006
Pressemelding
Nr.: 63/03
Dato: 13.06.2003
Kontaktperson: Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin kalender
for veke 25
Utdrag frå olje- og energiminister Einar Steensnæs sin
kalender for neste veke:
Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande
faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på
Statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og
Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.
Tysdag 17. juni
Kl 10.00 held statsråden innlegget "Norsk petroleumsindustri
i endring – nasjonale og regionale utfordringar" på
Orkangerkonferansen. Konferansen, som har fått undertittelen
"Midt-Norge – Fremtidens Oljeprovins" byrjar kl 09.30 og held fram
til kl 16.00. Sted: Orkdal Kulturhus, Orkanger.
Pressekontakt er Sissel Edvardsen, 90 19 73 82.
Onsdag 18. juni
Statsråden vil vere til stades i Stortinget under
handsaminga av
St. prp. nr 55 (2002-2003) "om fortsatt
regulering av Storelvvassdraget og videre kraftutbygging i
Saudafjellene" og
St.meld. nr 23 "om kraftutbygging i
Hattebergvassdraget". Begge publikasjonane ligg på Olje- og
energidepartementet sine internettsider:
Statsråden vil òg vere til stades i Stortinget i samanheng med handsaminga av diverse dok.8 forslag. Sjå Stortinget sine internettsider for meir informasjon:
Laurdag 21. juni
Statsråden gjestar Suldal kommune for ein synfaring
ved mikro-, mini-, og småkraftverka i kommunen.