Olje- og energiministeren sin kalender for veke 50
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 09.12.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 134/02
Dato: 09.12.2002
Kontaktperson:Lars Nermoen, 22 24 61 07
Olje- og energiministeren sin kalender for veke 50
Tysdag 10. desember
Statsråden leier Toppleierforum, som er ein
møteplass for toppsjefane i departementa, fagforeiningane,
bransjeorganisasjonane, forskingsinstitusjonane og industrien rundt
oljesektoren. Temaet for møtet er leverandørindustrien sine
moglegheiter for utvikling i framtida, med særleg siktemål på å nå
den langsiktige utviklingsbanen. Møtet er hos ABB i Billingstad
klokka 10.00
Statsråden er til stades under Nobels fredsprisutdeling kl 12.30.
Torsdag 12. desember
Statsråden deltek på Bodøseminaret 2002. På grunn av
at Stortinget behandlar olje- og energidepartementet sitt budsjett
denne dagen, er olje- og energiministeren sitt innlegg flytta til
middagen på kvelden.
Fredag 13. desember
Statsråden opnar Noregs første biogassanlegg på Åna
landsfengsel. Klokka 11.15 tenner han gasskjelen som nyttar
metangass frå husdyrgjødsel til å produsere varmt vatn til
fengselet.
Klokka 15.15 opnar statsråden nye Lindland kraftstasjon. Stasjonen erstattar to gamle stasjonar og vil med samme mengda vatn auke produksjonen frå 11,5 til 37 GWh.