test.regjeringen.no

Historisk arkiv

Endringar i styret i Petoro AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 130/02
Dato: 29.11.2002

Kontaktperson:Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Endringar i styret i Petoro AS

I ei ekstraordinær generalforsamling i Petoro AS den 28. november vart Olav K. Christiansen valt inn i styret i Petoro AS for perioden fram til neste ordinære generalforsamling i juni 2003. Christiansen erstattar Svein Rennemo, som har vore styremedlem i perioden 9. mai 2001 - 4. november 2002.

Christiansen blei valt på bakgrunn av si lange erfaring frå oljeverksemda. Han har mellom anna vore tilsett i Oljekontoret i Industridepartementet og hatt leiande stillingar i Statoil og i Aker, både i Noreg og i USA. I tillegg har han vore konsulent for NORSOK-sekretariatet.

Styremedlem Jørgen Lund vart valt som ny nestleiar etter Rennemo.

Styret i Petoro har no følgjande samansetning:
Bente Rathe, Trondheim, leiar
Jørgen Lund, Oslo, nestleiar
Ingelise Arntsen, Bergen
Olav K. Christiansen, Stavanger
Jan M. Wennesland, Kristiansand
Terje Holm, Stavanger (representant for dei tilsette)
Marte Mogstad, Stavanger (representant for dei tilsette)

Dei aksjonærvalte medlemmene av styret er valt fram til generalforsamlinga i juni 2003.