Rundskriv H-28/05
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Endring i utlendingsforskrifta § 44 første ledd
Rundskriv | Dato: 19.09.2005
Utlendingsnemnda |
|
Utlendingsnemnda |
|
Justisdepartementet |
|
Politidirektoratet |
|
Politiets utlendingsenhet |
Vår ref |
Dato |
|
H-28/05 |
04/4172-35 SLE |
15.09.05 |
Rundskriv - Endring i utlendingsforskrifta § 44 første ledd
Kommunal- og regionaldepartementet har vedteke ei endring i § 44 første ledd i utlendingsforskrifta om kravet til tre års samanhengande opphald i riket som vilkår for busetjingsløyve. Forslaget til endringa blei sendt på høyring den 14.06.05.
Endringa trer i kraft 01.10.05.
Endringa i forskrifta er vedlagt.
Om endringa i utlendingsforskrifta § 44 første ledd:
Utlendingsforskrifta § 44 første ledd presiserer kravet i utlendingslova § 12 om samanhengande opphald i riket dei siste tre åra som vilkår for busetjingsløyve. Opphald utanfor riket kan i dag ikkje overstige sju månader. Praksis viser at utlendingar som arbeider i Noreg med løyve etter utlendingsforskrifta § 3 andre ledd bokstav a (spesialistregelen), kan få problem med å oppfylle dette kravet på grunn av reiser i utlandet som skuldast oppdrag frå arbeidsgjevar.
Endringa går ut på å føye til ein regel om at desse utlendingane kan opphalde seg utanfor riket i inntil 15 månader dei siste tre åra, dersom inntil åtte månader av utanlandsopphaldet skuldast arbeidsreiser.
Etter høyringa har departementet kome til at endringa ikkje berre skal omfatte utlendingar med løyve etter utlendingsforskrifta § 3 andre ledd bokstav a, men også utlendingar med løyve etter § 3 andre ledd bokstav d (utlending som er tilsett som professor eller i anna vitskapeleg stilling på tilnærma same nivå ved offentleg universitet eller vitskapeleg høgskule).
Ved søknad om busetjingsløyve må utlendingen leggje fram dokumentasjon på at opphald i utlandet skuldast oppdrag frå arbeidsgjevar. Det vil være opp til Utlendingsdirektoratet å gje nærare reglar om kravet til dokumentasjon.
Med helsing
Solveig Paulsen e.f.
seniorrådgjevar
Sissel Leganger
førstekonsulent
1 Vedlegg:
Endring i utlendingsforskrifta § 44 første ledd
Med virkning fra 01.10.05 gjøres følgende endring i forskrift av 21. desember 1990 nr. 1028 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskriften):
§ 44 første ledd skal lyde:
Kravet om sammenhengende opphold i riket de siste tre år anses oppfylt når utlendingen ikke har oppholdt seg utenfor riket mer enn syv måneder til sammen. Utlending med arbeidstillatelse etter § 3 annet ledd bokstav a eller d kan i tillegg oppholde seg utenfor riket i inntil åtte måneder til sammen når oppholdet skyldes oppdrag for arbeidsgiver.