Omsetjing av saltvassfiskelova, deltakerlova og råfisklova til samisk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 13.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
I samband med regjeringa sitt mål om ein enklare kvardag for næringsutøvarane og brukarane av forvaltinga sine tenester, har vi sett behovet for at fiskeriregelverk i større grad vert omsett til samisk, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. (13.10.2005)
Pressemelding
Nr.: 67/2005
Dato: 13.10.2005
Kontakt: Rådgjevar Guri Mæle Breigutu, tlf.: 22 24 64 18
Omsetjing av saltvassfiskelova, deltakerlova og råfisklova til samisk
I samband med regjeringa sitt mål om ein enklare kvardag for næringsutøvarane og brukarane av forvaltinga sine tenester,har vi sett behovet for at fiskeriregelverk i større grad vert omsett til samisk, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.
Dette er i tråd med regjeringa sin offensive politikk med omsyn til samiske språk.
Det er vedteke at det må utarbeidast klare retningslinjer for vurdering av kva som skal omsetjast på alle dei ulike samfunnsområda.
Svein Ludvigsen vedtok difor at dei tre sentrale lovene for norsk fiskeriforvaltning; deltakerlova, saltvassfiskelova og råfisklova skulle omsetjast til samisk.
Saltvassfiskelova, deltakerlova og råfisklova er no omsett til nordsamisk.