4 Overgangsspørsmål
Departementet foreslår at lovendringane trer i
kraft frå den tid Kongen bestemmer, jf utkastet IV første ledd.
Lovendringane får verknad for søknader som ikkje
er avgjort før endringa tar til å gjelde, jf utkastet IV andre
ledd. Dersom heimelen til å oreigne vanhevda jord blir oppheva,
meiner departementet at endringane også må få verknad for jord som
er vanhevda før lova blir endra. Dette er lagt til grunn i
lovutkastet IV andre ledd andre punktum.
Departementet foreslår vidare overgangsreglar
som tar sikte på å løyse spørsmål knytt til korleis ein skal
handtere vidaresal av dei såkalla jordfondseigedomane staten
fortsatt eig når endringane trer i kraft. Departementet foreslår at
sal av jordfondseigedomar skal skje etter dei reglane som gjeld
fram til lovendringa, jf det som er sagt under punkt 3.1.1.
Overgangsregelen går fram av lovutkastet IV tredje ledd.
Departementet foreslår i lovutkastet IV fjerde
ledd ei særskilt ordning for søknader om oreigning av husmanns-,
bygsel- eller leilendingsbruk. Slike søknader skal takast til
behandling dersom dei er innkomne til kommunen innan fem år etter
at endringane tar til å gjelde.