Statsbudsjettet
Eit kulturløft for heile landet i 2025
Pressemelding | Nr: 45/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår ei løyving over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett på 25,8 milliardar kroner. Det er ei auke på om lag 1,2 milliardar kroner frå 2024.
Satsing på lokal og regional kultur
- Regjeringa foreslår å gi tilskot til 16 nye prosjekt under ordninga for nasjonale kulturbygg, med samla tilsegn som statleg medverknad på over 621 millionar kroner. Byggeprosjekta er lokalisert i alle delar av landet.
- Regjeringa foreslår å etablere ei ny ordning for regionale kulturfond, med ei løyving på 75 millionar kroner. Dette skal gi fylkeskommunane meir musklar til å støtte lokalt og regionalt kulturliv. Dette er ei ny satsing som vil styrke kulturtilbodet i heile landet.
- Regjeringa vil ivareta kulturinstitusjonane, og foreslår meir pengar til drift av fleire musikk- og scenekunstinstitusjonar og museum. Samla tilrår regjeringa 82,3 millionar kroner til ulike kulturinstitusjonar over heile landet, slik at dei kan halde fram med å utvikle gode tilbod for sitt publikum.
- Regjeringa vil styrke arbeidet med å digitalisere kulturarven, og foreslår å auke løyvingane til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og Norsk helsearkiv på Tynset med 20 millionar kroner til kvar.
- Regjeringa vil ivareta norsk og samisk språk og kultur, og foreslår 40 millionar kroner til språkmodellar for utvikling av kunstig intelligens.
- Det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok forvaltar ei betydeleg samisk kunstsamling og har behov for nye lokale for å kunne vise den fram for publikum. Regjeringa vil sette av 10 millionar til forprosjektet for nytt museumsbygg.
Auka deltaking blant barn og unge
- Regjeringa vil løyve 55 millionar kroner til auka deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar for barn og unge. Midlane skal gå til fritidsklubbar, korps, leselyst, dataspel og teater.
- Regjeringa vil legge til rette for full momskompensasjon for frivilligheit og idrett, og foreslår å auke løyvingane til momsordningane med 210 millionar kroner.
- Regjeringa vil styrke leselysta blant barn og unge, og foreslår 20 millionar kroner over statsbudsjettet for å følgje opp tiltak i regjeringas leselyststrategi.
- Regjeringa vil forsterke innsatsen for førebygging av ekstremisme, og foreslår å auke løyvingane med 15 millionar kroner for å følgje opp anbefalingane frå Ekstremismekommisjonen.
– I ei utrygg tid treng vi investere meir i kunst og kultur, for behova er store. Det er krevjande tider med tøffe prioriteringar, og eg er glad for at regjeringa har valt å prioritere kunst og kultur, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Forslag til kultur- og likestillingsbudsjettet for 2025
Sjå sendinga her